Strategisjef Kjetil Strand i Statens vegvesen region Midt-Norge gjekk torsdag morgon ut på NRK Sogn og Fjordane og tok til orde for at dagens E39-trasé må endrast.

  • Sei di meining i kommentarfeltet under saka.

Ferjefritt med Kvivsvegen

Utspelet kjem same dag som første salva vart sprengt på anleggsarbeidet til den nye Kvivsvegen mellom Hornindal og Volda. Strand meiner E39 via Sandane – Eid – Folkestad har utspelt si rolle når Kvivsvegen står klar til bruk i 2012. Vegen gir ferjefritt samband mellom Volda og Stryn.

Og mens folk i Nordfjord kjempar og håpar på bru mellom Anda og Lote, meiner Kjetil Strand at tida er moden for å tenkje nytt.

Kan spare 30 min.

– No vert det arbeidd med å finne ferjefri kryssing i Nordfjord, og då må vi sjå på alle alternativ. Det ligg potensial i innspart reisetid her. Og det er mogleg å spare opp mot ein halvtime, seier han til NRK.

Då bør Kvivsvegen heite E39, meiner strategisjefen som rett nok ikkje har ansvar i Sogn og Fjordane som ligg under Statens vegvesen region Vest.

Tunnel Stardalen – Olden

Like fullt har vegvesenet planar for ein ny tunnel frå Stardalen i Jølster til Olden. Vegen vil erstatte dagens kronglete Rv 60 over Utvikfjellet og den endå smalare strekninga mellom Innvik og Olden. Blir tunnelen bygd, kan ein spare mykje både i køyretid og ikkje minst ved å sleppe dei to ferjesambanda Anda – Lote og Folkestad – Volda.

Men ein tunnel frå Stardalen er framleis i det blå, og ligg ikkje inne dagens budsjett.