Stengte tunnel på grunn av falsk alarm

Tunnelen var stengt i nokre få minutt. Viste seg å vere falsk alarm.

DEL

Vegtrafikksentralen vest meldte at Fodnestunnelen på fv. 5 mellom Fodnes og Lærdal blei mellombels stengt klokka 15.58 laurdag ettermiddag.

Grunnen var ein automatisk alarm på at brannsløkkingsapparatet inne i tunnelen var fjerna.

Brannvesenet blei sendt til staden for å sjekke. Det viste seg at alarmen skuldast ein teknisk feil, fortel trafikkoperatør Ove Amdunsen i Statens vegvesen.

Tunnelen blei difor opna igjen 16.05.

Artikkeltags