Statens vegvesen: – Ikkje bruk sommardekk på fjellet

HEMSEDAL: Bilde tatt på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 09.07 torsdag morgon, 1140 meter over havet.

HEMSEDAL: Bilde tatt på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet klokka 09.07 torsdag morgon, 1140 meter over havet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Fare for glatte parti over fjellovergangane, melder Statens vegvesen.

DEL

– Det er fare for glatte parti på alle fjellovergangane. Det er rundt éi varmegrad, vind og godt med sluddbyer, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i Statens vegvesen.

Dette gjeld både på Hemsedalsfjellet (riksveg 52), Filefjell (E16) og Hol-Aurland (fylkesveg 50).

– Eg vil tru at sluddet smeltar dei fleste plassar, slik at det blir bart og blautt, seier Omdal.

Likevel anbefalar han vinterdekk for dei som skal krysset fjella mellom aust og vest.

– Vi anbefaler ingen å køyre med sommardekk der no. Det er eit heilt anna veggrep på vinterdekka, og når det er kald asfalt, er det fare for glatte parti, spesielt på veg ut og inn av tunnel. Vinden kan også gjere at sludd samlar seg, seier Omdal.

På fylkesveg 55 over Sognefjellet er det nede i ei minusgrad, og mykje snø:

SNØ: Bidle frå fylkesveg 55 ved Sognefjellshytta 1400 meter over havet, klokka 09.24 torsdag morgon.

SNØ: Bidle frå fylkesveg 55 ved Sognefjellshytta 1400 meter over havet, klokka 09.24 torsdag morgon. Foto:

VANSKELEGE KØYREFORHOLD: Frå Trøndelag til og med Sogn og Fjordane.

VANSKELEGE KØYREFORHOLD: Frå Trøndelag til og med Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkeltags