Oppstartsmidlar til Bjørset Skei

Frank Willy Djuvik (t.v.) i samtale med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen under landsmøtet i Frp sist helg.

Frank Willy Djuvik (t.v.) i samtale med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen under landsmøtet i Frp sist helg.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Regjeringa løyver 20 millionar kroner til oppstartsmidlar for strekninga på E39 mellom Bjørset og Skei.

– Dette har vi jobba med lenge og seinast under Landsmøtet var vi svært tydleg overfør samferdselsministeren at dette prosjektet måtte med i revidert nasjonalbudsjett, seier fylkesleiar i Frp, Lars-Svein Drabløs.

Glad Jølster-ordførar

Regjeringa legg fram sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett tysdag. Men alt fredag kunne Frp fortelje at den inneheld 20 millionar til den 11 kilometer lange strekninga langs Jølstravatnet.

– Svært gledeleg, og at det blir sett av 20 millionar kroner betyr at det blir midlar til å få gjort i alle fall rigging av utstyr slik at arbeidet kan starte opp tidleg i 2016, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

– Overraskande

– Kanskje ikkje overraskande, men eg er veldig letta etter å ha blitt skuffa svært mange gonger tidlegare når det gjeld løyvingar til denne vegstrekninga, seier Klakegg.

Viktig å komme i gang

Også fylkesleiaren i Frp er svært glad.

– Oppstart låg inne først i 2017, men vi meiner det er viktig å komme i gang før fordi dette er ei svært viktig vegstrekning, seier Drabløs.

– For kort tid sidan sa samferdselsminister Ketil Solvik -Olsen klart nei til løyving alt i revidert nasjonalbudsjett i Spørjetimen i Stortinget. Kva har skjedd sidan?

– Vi har jobba direkte inn mot statsråden, og det har gitt resultat, seier Drabløs.

– Vi har mange viktig prosjekt som ventar i kø, og vi konkurrerer med prosjekt i dei andre vestlandsfylka. Dette er berre eitt av prosjekta vi må få realisert, men det er ein god start, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

Artikkeltags