Lastebil stod fast og sperra vegen mellom Dale og Osen bru

SAMFERDSLE: Stod fast på vinterføret. Vegen er no meldt opna att.

DEL

Fylkesveg 57 var stengt mellom Dale og Osen bru på grunn av bilberging, melde Vegtrafikksentralen vest tysdag morgon.

Lastebilen sette seg fast på vinterføre i Kviabakken, sa trafikkoperatør Ketil Molvær.

– Han driv og legg på kjetting, og er redd han sig i fjellveggen. Entrepenør er på veg med strø, seier Molvær.

Planen er å få lastebilen av garde utan hjelp frå bergingsbil. Kor lenge vegen blir stengt er umogleg å seie, seier Molvær.

Klokka 08.23 melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna att for trafikk.

Artikkeltags