Gloppefjord på plass i Florø

PÅ PLASS: Batteriferja Gloppefjord kom til Florø torsdag morgon.

PÅ PLASS: Batteriferja Gloppefjord kom til Florø torsdag morgon. Foto:

SAMFERDSLE: Den første batteriferja til sambandet Anda-Lote er no komen til landet.

DEL

Totalt to ferjer skal trafikkere sambandet, og begge er forseinka på grunn av dårleg vêr under overfarten frå verftet i Polen.

Men tidleg torsdag morgon la Gloppefjord til kai i Florø, melder Fjord1 i ei pressemelding.

Dei to ferjene som skal trafikkere sambandet mellom Anda og Lote er den første kontrakten i Fjord1 sitt grøne skifte. Det er karakterisert som eit prestisjeprosjekt for Fjord1.

Ferjene skulle etter planen vore sett i trafikk frå årsskiftet, men dårleg vêr stakk kjeppar i hjula for dei planane. Likevel vart to ferjer sett inn i sambandet i tråd med kontrakten mellom Fjord1 og Statens vegvesen, ein kontrakt som føreset to ferjer og avgang kvart 20. minutt.

Men samstundes som batteriferja kom til Florø oppstod det problem med ei av ferjene som går i sambandet, og det var Sognefjord som fekk problem med kjølinga, og dermed måtte takast ut av trafikk. Dermed var det berre ei ferje i sambandet i morgontimane og utover dagen torsdag.

Artikkeltags