Fjord1 vann to ferjeanbod på Sunnmøre

TO ANBOD: Fjord1 skal operere dei to største ferjesambanda på Sunnmøre frå 2019 og 2020, med slike nye ferjer.

TO ANBOD: Fjord1 skal operere dei to største ferjesambanda på Sunnmøre frå 2019 og 2020, med slike nye ferjer. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fjord1 har sikra seg dei to største ferjesambanda på Sunnmøre.

DEL

Fredag signerte selskapet og Møre og Romsdal fylkeskommune avtalen som gjer at Fjord1 skal drifte sambandet Hareid-Sulesund frå 2019 og Sykkylven-Magerholm frå 2020.

Fem nye ferjer i bestilling

Dermed er det også klart at fem nye ferjer bli sett i bestilling. Dei tre første skal vere klare i 2019, og skal gå i trafikk mellom Hareid og Sulesund. Dei to siste i 2020 skal inn i sambandet Sykkylven-Magerholm. Alle nybygga vil nytte null- og lågutsleppsteknologi, og dermed bidra til at Storfjorden dannar ein miljøvennleg inngangsport til noko av det vakraste fjordlandskapet ein finn i verda, heiter det i pressemeldinga frå Fjord1. Alle ferjene får plass til 120 personbileiningar.

Tilbake etter 19 år

– Særleg gledeleg er det at vi er tilbake på sambandet Hareid-Sulesund etter 19 år. Men det er også gledeleg at vi held fram som operatør på Sykkylven-Magerholm, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Selskapet har drifta sambandet mellom Sykkylven og Magerholm like ved Ålesund samanhengande sidan 1932. Hareid-Sulesund har derimot ikkje stått i Fjord1 sitt rutehefte sidan tusenårsskiftet.

– Fjord1 er svært glade for denne kontrakten. Vi ser fram til å ta fatt på operasjonen med nye og innovative og miljøvennlege ferjer på desse to sambanda i 2019 og 2020, seier Neteland.

Artikkeltags