Fjord1 får fire nye ferjesamband i Hordaland

FÅR FIRE: Fjord1 har fått kontrakt på drift av fire ferjesamband i Hordland.

FÅR FIRE: Fjord1 har fått kontrakt på drift av fire ferjesamband i Hordland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

SAMFERDSEL: Fjord1 har fått kontrakt om drift av fire ferjesamband i Hordaland.

DEL

Dette er klart etter at Fjord1 og Hordaland fylkeskommune sitt kollektivselskap, Skyss, signerte kontrakt om drift av dei fire sambanda som ligg inne i rutepakke 2 i Hordaland. Totalt seks ferjer skal inn i dei fire sambanda. Avtalen blir gjeld frå 2020 og gjeld i ni år, med opsjon på ytterlegare eitt.

11 samband frå 2020

Dei fire sambanda er: Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes, Skjersholmane-Ranavik, Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, og Jondal-Tørvikbygd, går det fram av i pressemelding frå Fjord1.

Fjord1 har tidlegare signert kontrakt med Hordaland fylkeskommune om drift av to samband frå 2018 og fem frå 2020. Det betyr at Fjord1 har ansvaret for 11 samband med totalt 14 ferjer i nabofylket i sør frå 2020. Og alle samband vil oppleve ei kraftig fornying av ferjemateriellet, ifølge pressemeldinga.

– Vi ser fram til å utvikle ferjereisene i Hordaland for framtida, der banebrytande teknologi og miljøløysingar står i sentrum, seier driftsdirektør i Fjord1, André Høyset.

Avdelingskontor Bergen

Og Fjord1 kjem til å etablere avdelingskontor i Bergen.

– Dette gjer vi for å sikre nærleik og god oppfølging av dei ulike samband, tilnærma likt det vi har i Molde, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Artikkeltags