Navarsete slår tilbake

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) avviste i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag påstandar frå Per Sandberg (Frp) om at ho forskjellsbehandlar heimfylket Sogn og Fjordane framfor andre fylke.

DEL

Bakgrunnen er at ho har sagt ja til bygginga Dalsfjordsambandet til ein milliard kroner sjølv om ferjesambandet Dale – Eikenes i dag berre har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 45 bilar. Tidlegare fylkesrådmann Per Drageset si innstilling frå 2004/05 frårådde bygging fordi brua etter hans meining blei for dyr.

– Statsråd Navarsete imøtekjem sitt eige ønskje frå tida som gruppeleiar i fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2005, nemlig å love ein milliard kroner til å bygge ei bru i heimfylket som ikkje har tilstrekkeleg trafikkgrunnlag for bompengar, sa Sandberg.

Han meiner at dette er eit klart brot på vanleg praksis.

Følgjer lokale vedtak

Navarsete sa at ho berre følgde vanleg praksis i slike saker, og at ho ikkje på noko måte dreiv forskjellsbehandling til fordel for heimfylket.

– Statsråden har ikkje lova ein milliard kroner til brusambandet. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har ved to høve prioritert prosjektet på topp i den fylkesvise prioriteringa av riksvegløyvingane som fylket har ansvar for. Når det gjeld riksvegløyvingar, får alle fylke ein pott til fordeling og det er fylket sjølv som prioriterer. Derfor er det heilt feil når det blir gjort samanlikningar mellom prosjekt som blir finansiert over desse løyvingane, og prosjekt som blir finansiert over stamvegnettløyvingane som staten har ansvaret for, sa ho.

Vart overstyrt

Vegdirektoratet overstyrte fylkestinget før Navarsete vart statsråd og ville også gjere det etter at ho overtok i departementet. Då sette ho foten ned og gjorde det klart at fylkestinget sitt vedtak skulle stå fast.

Fleire stortingsrepresentantar ville vite om Navarsete ville vere like konsekvent når det gjeld lokale vedtak i andre fylkesting, til dømes i Oslo og Akershus. Svaret var ja.

– Statsråden vil ha respekt for lokale prioriteringar og vedtak som blir fatta lokalt også i andre fylke, lova Navarsete. (ANB-NTB)

Artikkeltags