Ytredal har i ei årrekkje drive drosjekøyring i Høyanger og Vadheim og driv i dag også drosjekøyring i Balestrand, og turbilkøyring i Førde.

No har samferdsleutvalet i fylket avslått søknaden frå Taxi Franken Skysstasjon AS om konsesjon til å drive drosjeformidling i kommunane Førde, Gaular, Hyllestad og Balestrand.

Samferdsleutvalet stør fylkesdirektøren for samferdsle si tilråding der det blir vist til tidlegare handsaming av tilsvarande sak og syner til at Sogn og Fjordane har etablert praksis med lokale sentralar.

I vedtaket heiter det at behovsprøving i Førde kommune tilseier at det ikkje er behov for fleire drosjeløyver.

Berre Framstegspartiet røysta for å gi Ytredal nye løyver.