12 Widerøe-fly står på bakken

FLYTRØBBEL: Widerøe melder om store utfordringar.

FLYTRØBBEL: Widerøe melder om store utfordringar. Foto:

SAMFERDSLE: – Ei rekke utfordrande driftshendingar har resultert i at 12 fly står på bakken.

DEL

(Nordlys): Dette medfører ein del forstyrringar og konsekvenser for planlagte ruter i dag og tida framover. Råka passasjerar blir kontakta og tilbode alternativ reise eller refusjon. Widerøe har fullt fokus på å løyse dette.

Det skriv selskapet sjølv i ei pressemelding.

Vidare står det:

– Vi er komme i ein vanskeleg situasjon. September har vore veldig utfordrande driftsmessig for Widerøs flyselskap. Tøft vêr og andre upåverkelege hendingar har resultert i at mange av åre fly står på bakken. Fleire møte med fugl og lynnedslag har resultert i at flya må få teknisk ettersyn som krev arbeidstimar. I tillegg til andre tekniske utfordringar og det planlagt vedlikehalde av våre fly, er resultatet at tolv av flya ikkje er i drift. Det tar tid før vi får desse ut på rute.

– Vi gjer det vi kan for at utfordringane våre skal ramme så få som mogleg av våre passasjerar. Vi varetar våre passasjerar og kundar fortløpande. Dei som blir råka vil få ein SMS og/eller e-post med informasjon om at avgangen deira er kansellert. I same melding får dei eit forslag til ny avgangstid eller ei bekrefting på at vi i påvente av ny avgangstid jobbar med ombookinga. Om ny avgangstid ikkje er aktuell vil reisa kunne refunderast. Om ei anna avgangstid er ønska, blir kunden beden om å kontakte oss.

Dei skriv at heile Widerøe-organisasjonen har full fokus på å løyse denne delvise driftsstoppen.

– Vi leiger inn fly for å hjelpe med dette.

Artikkeltags