No ser du stripene etter flya ekstra godt

OVER FJORDEN: Sporet etter eit fly over Førdefjorden fotografert frå vinterfjellet tysdag ettermiddag.

OVER FJORDEN: Sporet etter eit fly over Førdefjorden fotografert frå vinterfjellet tysdag ettermiddag. Foto:

Av

Blå klar himmel og det som ser ut som uvanleg stor flyaktivitet – får mange til undre seg.

DEL

Leif Ekehaug på Krokane i Florø har undra seg over kor mange parallelle kondensstriper det har vore etter flyaktivitet, skriv Firdaposten.

– Eg lurer veldig på kva det er som skjer. Så stor flytrafikk er ikkje normalt. Kan det vere ein slags unntakstilstand, lurer han på.

Vi kontakta tårnet på flyplassen i Florø, som viste til at det er uvanlege gode optiske forhold for å sjå kondensstripene etter flya.

Ved visse temperaturar, atmosfæriske og lysforhold blir spora etter jetmaskiner oppe i lufta veldig synlege. Flya slepp ut vassdamp, CO₂ og forureining på si ferd over himmelen.

Artikkeltags