Gå til sidens hovedinnhold

Flaskehalsen i Romarheimsdalen er borte

Artikkelen er over 13 år gammel

Ein av dei verste vegparsellane på Vestlandet gjekk over i historiebøkene då Fylkesmannen i Hordaland tysdag føremiddag erklærte nye E39 gjennom Romarheimsdalen for opna.

Klokka 13.00 torsdag køyrde dei første bilane dei 7,2 kilometrane med ny europaveg mellom Sogn og Bergen.

Dermed er reisetida til Bergen korta ned med mange minutt.

Gler seg

– Veldig positivt, både for oss i Gulen, men også for heile Sogn og Fjordane. Denne vegutbetringa er minst like viktig for vårt fylke, som for Hordaland. Eg har mista mange fly i Bergen grunna vegen gjennom Romarheimsdalen. Den har vore ein utfordrande del av E39 med mykje kø, ras og vegstengingar. seier Gulen-ordførar og fylkespolitikar Trude Brosvik (KrF).

Fryktar farten

Lensmann Henry Indrebø i Gulen ser mykje stygg køyring på E39 i sin kommune. Han kjem med ei klar oppmoding til dei som ferdast på nyvegen i Lindås.

– Folk må prøve å halde seg i skinnet. Sist vi hadde kontroll skreiv vi ut 42 forenkla førelegg. Mange låg tett opp til opp til grensa for førarkortbeslag. I sommar tok vi fem førarkort i éin kontroll fortel lensmannen.

Vegen som no er erstatta med to-felts av høg standard, har vore plaga med mange biluhell, spesielt på vinterstid. Likevel har dei store ulykkene uteblitt, sidan farten har vore låg. No kan scenarioet bli eit anna fryktar Indrebø.