Falsk fotoboks imponerer vegvesenet

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Kreative sjeler skremde morgontrøtte bilistar i Sunnfjord. – Eit imponerande stykke arbeid, kommenterer senioringeniør i Statens vegvesen.

DEL

Det såg ut til å vere Førdes første fotoboks, innretninga som måndag morgon var sett opp langs vegkanten på riksvegen frå Kronborg til Vie, eit par hundre meter frå E39 i Førde.

– Den såg ekte ut, det var mange som bremsa kraftig då dei såg boksen, fortel ein bilførar til firda.no.


Les også:

Han passerte «fotoboksen» på veg til jobb måndag morgon og reagerte instinktivt.

Og fotoboksen som slett ikkje var Vegvesenet sin, har gjort inntrykk også innan vegetaten. Der har bilete av fotoboksen gått sin sigersgong på e-post i løpet av måndag.


– Imponerande

– Det er gjort eit imponerande stykke arbeid. Den er ganske naturtru, seier senioringeniør Lars Arild Bråtveit i Statens vegvesen region vest, til firda.no.

Med base i Stavanger er han blant dei fremste på automatisk trafikkontroll på Vestlandet. Han kjenner ikkje til liknande tilfelle, heller ikkje på landsplan.


– Slankare enn våre

– Dimensjonen på boksen er ikkje aller verst. Den verka litt slankare enn boksane våre, og truleg hadde ein boks frå oss vore heilt grå, og gjerne plassert litt nærmare vegen. Men eg har stor forståing for at den kunne sjå ekte ut på førehand, kommenterer Bråstad.

Artikkeltags