- Elkem må vere med på vegbygging

ROS: Liv Signe Navarsete er på plass i Florø. Ho har fått mykje ros for statsbudsjettet.

ROS: Liv Signe Navarsete er på plass i Florø. Ho har fått mykje ros for statsbudsjettet. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

- Elkem må vere med å betale betre veg mellom Florø og Svelgen.

Det seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) til firda.no. Ho deltek i dag på kystvegkonferansen i Florø, der det ambisiøse målet er byggje betre vegar, bruer og tunnelar langs heile kysten frå Bergen til Ålesund.


Finansieringspakke

Leiinga på Elkem Bremanger seier at betre veg Florø-Svelgen er avgjerande for at konsernet vil satse 3,5 milliardar på ein fabrikk som skal produsere råstoff til solceller.

- Det einaste realistiske for å få dette til, er å setje saman ein pakke der Elkem er med, meiner samferdsleministeren.

- Dess meir forpliktande Elkem vil vere, dess større er sjansen for å få dette til. Då kan også eg gå til næringsministeren og be om pengar, utdjupar Navarsete.


Bompengar viktig

- Talsmenn frå næringslivet i Flora og Førde seier at næringslivet godtek bompengar for å få dette til. Kor viktig er det?

- Bompengar kan vere eit svært viktig bidrag. Dess meir forpliktande og dess meir konkret, dess betre, seier Navarsete.

Artikkeltags