I heile fjor fekk du bussturar til feil pris

Dersom du tok buss i fylket i 2016, har du truleg spart nokre kroner.

Dersom du tok buss i fylket i 2016, har du truleg spart nokre kroner. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Du har fått billegare bussturar utan å vite det.

DEL

Grunna ein feil tok Kringom mindre enn dei skulle for bussbillettane sine gjennom heile 2016. Kringom er drifta av samferdselsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og er dei som planlegg og samordnar kollektivtransporten i fylket.

Opp til sju kroner per billett

Fylkesdirektør for samferdsel, Dina Lefdal, seier til Firda at dei har tatt frå null til sju kroner for lite per billett. For dei kortaste turane har det ikkje vore nokon forskjell, men for lengre ruter har ein altså betalt opp til sju kroner mindre enn ein skal.

– Grunnen er at det har vore ein forskyvingsfeil i matrisane vi har brukt. Ein har difor betalt for ei takstsone mindre enn det ein har reist, seier Lefdal.

Høgare prisauke enn vanleg

Frå 2017 kjem Kringom til å auke billettprisane med 3,5 prosent, som vedtatt. Men denne prosentauken blir rekna ut frå kva prisane eigentleg skulle vore i 2016.

– Dette kan føre til at dei reisande opplever ein prisauke frå desember 2016 til januar 2017 som er større enn vanleg. Det beklagar vi, står det på heimesida deira.

Artikkeltags