Ikkje gje ungane refleksar som er utgått på dato

BYT OFTE: Refleksar som vert brukt vel og mykje, må bytast ofte. Refleksvestar vert mindre sikre for kvar vask, ifølgje Tryg Forsikring.

BYT OFTE: Refleksar som vert brukt vel og mykje, må bytast ofte. Refleksvestar vert mindre sikre for kvar vask, ifølgje Tryg Forsikring. Foto:

– Refleksane er ferskvare, og bør bytast ut oftare enn mange trur, seier leiar for Tryg Forsikring, Espen Opedal.

DEL

Dårlege refleksar kan vere trafikkfarleg, fordi ein oppfører seg annleis i trafikken når ein trur ein er beskytta når ein har på seg refleks, seier forsikringsselskapet Tryg Forsikring:

– Ifølgje vegstyresmaktene har refleks ei levetid på vel tre år. Refleksar på ungar får ofte hard medfart gjennom leik. Og har du som vaksen refleksen i lomma saman med bilnøklar, blir det ofte så mykje riper i refleksen at effekten vert tydeleg forringa. Heime hjå oss byter vi refleksar kvar haust, seier Espen Opedal, leiar for Tryg Forsikring i ei pressemelding i høve refleksen sin dag.

Barneklede og treningsklede utsette

Opedal nemner særleg refleksar som er fastsydde i barne- og treningsklede som spesielt utsette for slitasje. Dette fordi dei ofte vert brukt røft, og vert vaska ofte.

– For å sjekke om refleksen framleis er god bør du teste den ut i eit mørkt rom. Lys på refleksen med ein lommelykt og sammenlikne med ein ny refleks. Dei som reflekterer lyset dårlegare bør skiftast ut, seier Opedal.

Også innsydde refleks på kler, refleksstrips, refleks på skulesekker og refleksvestar blir sletne etter bruk. Slike refleksar bør bytast etter vel 20 vask.

Tips til god refleksbruk

Refleksen bør henge i knehøgd for å få mest mogleg lys fra billyktene.

Refleksar som bevegar seg i bruk er mest synleg.

Brukar du to refleksar blir du sett fra begge sider når du kryssar vegen.

Riper svekkjer refleksjonsevna, så bytt ut gamle reflekser.

Refleksvesten blir dårligare ved vask og bør bytes årleg om den vert brukt ofte

Alle godkjende reflekser skal vere merkte med CE EN 13356.

Kjelde: Forsikringsselskapet Tryg Forsikring

Skilnad mellom liv og død

Ifølgje undersøkingar som Trygg Trafikk har gjort, kjem det fram at berre fire av ti vaksne nyttar refleks. På jumboplassen er menn over 30, medan born er flinkast.

– Går du langs vegen i mørket utan refleks er du først synleg for bilisten på vel 25 meters avstand. Med refleks vil du verte sett på 140 meters avstand med nærlys. Ein bilist i 50 km/t har dermed ti sekund i staden for to sekund å reagere på. Det kan vere forskjellen på liv og død. Derfor bør du bruke 15 sekund på å ta på deg ein eller fleire refleksar før du går ut i mørket, seier han.

RØRSLE: Refleksar som rører seg når du går fangar meir merksemd enn dei som sit fast. Men du bør ha ein på kvar side av kroppen.

RØRSLE: Refleksar som rører seg når du går fangar meir merksemd enn dei som sit fast. Men du bør ha ein på kvar side av kroppen. Foto:

Det er særleg i byane at fotgjengarar utan refleks er utsette for å bli påkøyrde. Og det skjer gjerne når dei reflekslause skal krysse gata, fordi lys frå bilar og butikkvindauge kan gjere det vanskeleg å sjå fotgjengarane.

Ifølgje ulykkesstatistikk frå Statens vegvesen skjer ein tredjedel av fotgjengarulykker i mørket. I perioden 2005 til 2014 skjedde 40 prosent av trafikkulykkene kor fotgjengarar omkom, nettopp i mørket. Halvparten av fotgjengarane som omkom brukte ikkje refleks.

Artikkeltags