Gå til sidens hovedinnhold

Redusert kapasitet ved ferjesambanda Oppedal-Lavik og Anda-Lote

Artikkelen er over 3 år gammel

SAMFERDSLE: Tysdag morgon er kapasiteten ved ferjesambandet Oppedal-Lavik redusert. På Anda-Lote er fleire avgangar innstilt natt til onsdag og torsdag.

Grunna spesialtransport vert det tysdag morgon redusert kapasitet ved ferjesambandet Oppedal-Lavik. Dette gjeld 9:50-avgangen frå Lavik, melder Vegvesenet.

På sambandet Anda-Lote er det redusert kapasitet grunna vedlikehaldsarbeid. Natt til onsdag og natt til torsdag vert fleire avgangar innstilt. Dette gjeld avgangane 00:45 og 01:45 frå Lote og avgangane 01:00 og 02:00 frå Anda.

Kommentarer til denne saken