Sogn og Fjordane er vinnarar - får meir til breiband

NY ORDNING: Frå i år av, vert det endringar i ordninga for statstilskot til breibandsutbygging.  Bildet syner breibandsutbygging på Leikanger. (arkiv)

NY ORDNING: Frå i år av, vert det endringar i ordninga for statstilskot til breibandsutbygging. Bildet syner breibandsutbygging på Leikanger. (arkiv) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREIBAND: Frå i år av vert statstilskotet for breibandutbygging fordelt mellom fylka ut ifrå breibandsdekninga i dei aktuelle fylka. Tanken ser ut til å vere at tilskotet skal fordelast ut ifrå behov.

DEL

– Det er gledeleg at fordelinga av midlar no er basert på behov, seier rådgivar Egil Henning Ytrøy i fylkeskommunen i ei pressemelding. – Fordelen då er at vi kan planlegge meir langsiktig, og ikkje treng å konkurrere om ein pott med midlar nasjonalt.

Ytrøy legg likevel vekt på at fylket etter hans meining òg har komme godt ut av den tidlegare ordninga, i stor grad grunna eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og ulike IT-forum.

Frå i år av skal kommunane sjølv søke om tilskot, så vert det opp til fylkeskommunen å presentere desse for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for godkjenning.

Moglegvis meir mobilt

Ifølge pressemeldinga, skal breibandløysingane som blir finansierte med tilskot frå ordninga tilbydast til ein fast pris. Prisen på mobilt breiband skal i tillegg vere tilnærma lik prisen på fast breiband.

I lengda kan dette tyde at mindre område, der det er for dyrt å bygge ut noko særleg, kan få eit godt alternativ i form av mobilt breiband.

Artikkeltags