Stengd tunnel har opna igjen

Naustdalstunnelen var stengd torsdag føremiddag på grunn av bilberging.

DEL

Klokka 11 melder Statens vegvesen at oppdraget er utført og tunnelen på riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjord er opna igjen.

Årsaka til stenginga var eit køyretøy som hadde fått motorstogg i tunnelen.

Bilbergar kom raskt til staden og ordna opp.

Artikkeltags