Skal du ta buss framover, bør du vere nøyen med beltebruken

MANGE KONTROLLAR: Statens vegvesen byrjar frå måndag av med fleire kontrollar av beltebruk på buss. Gløymer du beltet, kan det bli dyrt.

MANGE KONTROLLAR: Statens vegvesen byrjar frå måndag av med fleire kontrollar av beltebruk på buss. Gløymer du beltet, kan det bli dyrt. Foto:

190 kontrollørar står klare frå måndag av. Tek dei deg ventar eit gebyr på 1.500 kroner.

DEL

Frå måndag 11. mars og gjennom heile veka skal nærare 190 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

– Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollere, seier Trine Villanger i ei pressemelding.

Ho er kampanjeansvarleg i Region vest. Ho og Vegvesenet ser at beltebruken i buss går nedover, og dei eldre er framleis flinkare enn ungdommar til å feste beltet i bussen.

I ei spørjeundersøking gjort hausten 2018 kom det fram at 7 av 10 brukar belte i stor grad. Her syner tala 73 prosent mot 74 prosent året før. Tal for våren 2018 viser at heile 90 prosent blant dei over 60 år bruker belte i stor grad, mens for dei mellom 15–29 år er talet berre 56 prosent. Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

Påbodet om å bruke belte i buss er etter kvart blitt godt kjent. Heile 90 prosent veit at dei må bruke belte der det er montert.

Frå Statens vegvesen si side er verkemiddelet enkelt om ein tek nokon utan belte: Det blir eit gebyr på 1500 kroner.

– Ikkje alle bussar har belte, men bruk det kvar gong du kan – det er rett og slett for enkelt til å la vere, seier Villanger.

Artikkeltags