I fjor fekk om lag 5000 tunge køyretøy bruksforbod

KONTROLL: I fjor blei 20.629 tunge køyretøy og 9913 lette køyretøy sjekka langs vegane på Vestlandet.
Bildet syner ein teknisk kontroll på E39 ved Langeland i Gaular kommune, tysdag 22. mai 2018.

KONTROLL: I fjor blei 20.629 tunge køyretøy og 9913 lette køyretøy sjekka langs vegane på Vestlandet. Bildet syner ein teknisk kontroll på E39 ved Langeland i Gaular kommune, tysdag 22. mai 2018. Foto:

Statens vegvesen kontrollerte i 2018 over 20.000 tunge køyretøy på Vestlandet.

DEL

I fjor blei 20.629 tunge køyretøy og 9.913 lette køyretøy sjekka langs vegane på Vestlandet. Heile 198.974 førarar blei kontrollert for bruk av bilbelte.

I 2018 fekk om lag 5000 tunge køyretøy bruksforbod etter å ha blitt kontrollert. 

– Dette er konkrete avvik eller manglar som påverkar trafikktryggleiken, og sjåføren må fikse opp i dette før vidare køyring. Dei mest vanlege bruksforboda er for overlast, usikra last, feil med bremsar eller dårlige dekk, seier Arve Tjønn Rinde i ei pressemelding. Han er direktør for Trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen.

Rinde legg til at det ikkje er avdekka store forskjellar i talet reaksjonar overfor utanlandske samanlikna med norske sjåførar.

Farleg gods

I fjor kontrollerte Statens vegvesen 423 køyretøy for farleg gods, 199 av desse fekk skriftleg manglar og 46 blei melde til politiet for brot på reglane for denne type transport.

– Farleg gods transport omfattar alt av transport av eksplosivar, gass, brennbar væske, sjølvantennelege, radioaktive, etsande, infeksjonsfremmande og giftige stoffar. Vi har gjennomført fleire kontrollar av denne typen i 2018  og avdekt manglar på området. Ei ulukke med farleg gods har som oftast store miljømessige konsekvensar. Det å køyre på Vestlandet inneber mykje tunnelar og ferjer, og ein ulukke her vil få dramatiske konsekvensar for trafikantane. Vår oppdrag er å ned risikoen med slik transport, seier Rinde.

Kontroll av 643 verkstadar

Vegvesenet har drive tilsyn med 643 bilverkstader på Vestlandet, og hatt stikkprøvekontroll av 844 EU-kontrollar.

– Dette gjer vi for å sikre at EU-kontrollane blir utført i tråd med lovverket. I fjor hadde vi høg prioritering av å kontrollera verkstader som bygger opp igjen køyretøy med omfattande kollisjonsskadar. Det er strenge vilkår for at desse køyretøya skal sleppast ut på vegen igjen, og vi stiller høge krav til kompetanse og dokumentasjon på utført arbeid, seier han i pressemeldinga.

70 tilsyn av ulovleg verkstaddrift

–  I fjor hadde vi 70 tilsyn av desse verksemdene saman med andre offentlege etatar, og framleis er dette ein utfordring. Vi ser at dei brukar ufaglært personell utan naudsynt kompetanse og verktøy til å gjere denne jobben. Dette er alvorleg med omsyn til trafikktryggleiken, men det er også eit hinder for like konkurransevilkår i bransjen. Eg vil oppfordre alle om å nytte godkjende verksemder, og ikkje spare pengar på noko som kan gå ut over din og andre sin trafikktryggleik, slår Rinde fast.

Tilsyna med verkstadbransjen resulterte i 149 oppfølgingssaker, med 46 skriftlege åtvaringar og tilbaketrekking av godkjenninga til 8 verksemder.

Har sjekka trafikkskular

Vegvesenet har drevet tilsyn med 161 trafikkskular med trafikklærarar gjennom fjoråret. Det er gjort vurdering av kvaliteten på den obligatoriske delen av trafikkopplæringa. Tilsynsresultata viser at det var naudsynt med ekstra oppfølging i 47 av sakene, og der er gitt to åtvaringa og ein godkjenning blei trekt tilbake.

Artikkeltags