Mindre salt gjer ikkje vintervegane utrygge

SALT: Eit forskingsprosjekt ved NTNU syner at ein ikkje treng bruke så mykje salt på vegane som ein gjer i dag.

SALT: Eit forskingsprosjekt ved NTNU syner at ein ikkje treng bruke så mykje salt på vegane som ein gjer i dag. Foto:

Av

Kvart år blir det brukt om lag 250.000 tonn salt på norske vegar. Forsking viser at ein ikkje treng å bruke så mykje salt for å sikre trygge vintervegar.

DEL

Nokre vegstrekningar skal vere så godt som frie for snø og is, har styresmaktene bestemt. Dette gjeld om lag 20 prosent av vegnettet. På dei andre vegane blir det til tider salta på våren og hausten når temperaturen er rundt null grader, skriv Gemini.no.

Saltet smeltar is og snø og gjer det lettare å brøyte. Ulempa er at bilar og syklar rustar, og at saltinga har negativ miljøpåverknad. Det er entreprenørane som har avtale om brøyting som bestemmer kor mykje salt som hamnar på vegen. Tal frå Statens vegvesen viser at saltbruken aukar.

Eit forskingsprosjekt har undersøkt kor mykje salt som skal til for at snøen ikkje blir kompakt og vanskeleg å fjerne. Resultatet er at fem prosent fortynna saltløysing gjorde snøen laus nok til at plogen får ein lettare jobb.

Forskingsprosjektet ved NTNU gir fagleg tyngde til retningslinjene til Statens vegvesen, som jobbar for å redusere saltbruken.

– Før pleidde vi å anbefale 20 til 25 gram salt per kvadratmeter veg. No anbefalar vi ein mykje lågare dose på berre 5 til 10 gram, opplyser Vegvesenet til forskingsnettstaden.

Artikkeltags