Skal du selje eller kjøpe bil framover? Nye reglar gir endringar og nedetid

NEDETID: Skal du selje eller kjøpe eit køyretøy etter 29. april bør du vere merksam på endingane hos Statens Vegvesen.

NEDETID: Skal du selje eller kjøpe eit køyretøy etter 29. april bør du vere merksam på endingane hos Statens Vegvesen. Foto:

Frå 29. april blir det to viktige endringar for deg som skal kjøpe eller selje eit køyretøy.

DEL

Omregistreringsavgifta kan ikkje lenger betalast på trafikkstasjon, og du må legitimere deg når du leverer salsmeldinga. Det melder Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Kvart år tek Statens vegvesen imot over ein million salsmeldingar. 8 av 10 som leverer salsmelding, gjer det allereie på nett.

Må betalast digitalt

Frå 29. april betalar du omregistreringsavgifta direkte til Skatteetaten, ved å bruke Statens vegvesens digitale sjølvbetjeningsløysingar. Det blir ikkje lenger mogleg å betale avgifta på ein trafikkstasjon.

Frå denne datoen må du også legitimere deg når du leverer salsmelding på papir. Det gjer du enten ved å levere salsmeldinga digitalt på vegvesen.no, eller ved fysisk oppmøte på ein trafikkstasjon.

Nedetid i perioden 25.–28. april

Desse to endringane vert innleia med fire dagar nedetid for alle køyretøytenester, i perioden 25.–28. april. I denne perioden blir det ikkje mogleg å for eksempel kjøpe prøveskilt, levere salsmelding, betale omregistreringsavgift, gjennomføre omregistrering eller avregistrere køyretøy, verken på trafikkstasjonane eller vegvesen.no.

Artikkeltags