Fann feil på nesten halvparten av køyretøya etter motorsport-festival

STRYN: Viss du trudde at dei motorsport-interesserte hadde ting på stell med bilane sine, så tru om att. I alle fall sett med Statens vegvesen sine kontrollør-auge.

DEL

Dette skriv Firdaposten.

Det har vore motorsport-festival i Stryn i helga, og i samband med denne gjennomførte Statens vegvesen kontroll av lette køyretøy søndag.

– Her var det rikeleg å ta av, heiter det i Vegvesenet sin rapport etter kontrollen – noko dei har bra dekning for å skrive, ut frå desse funna:

Av 142 kontrollerte køyretøy var det reaksjonar på 106 av køyretøya eller førar av køyretøya. Det blei skrive ut heile 60 mangellappar for tekniske feil, og heile 12 køyretøy fekk bruksforbod på staden.

Kontrollørane, som hadde sett opp ein observasjonspost og plukka ut køyretøy for kontroll med denne, hadde ein aktiv dag med avskiltingar, politimeldingar og utskriving av gebyr.                                                                                                                                                                                                   Fem

Artikkeltags