Fire gebyr etter trafikkontroll på Skei

JØLSTER: Fire gebyr blei skrivne ut då Statens vegvesen hadde kontroll av tunge og lette køyretøy på rv. 5 på Skei.

DEL

To av dei 17 kontrollerte køyretøya Statens vegvesen kontrollerte torsdag denne veka, mangla tilstrekkeleg medbringa kjetting. Begge sjåførarane fekk 1000 kroner kvar i gebyr for dette.

Éin førar fekk eit gebyr på 500 kroner for manglande dokument, medan ein annan må betale 750 kroner. Årsaka er at han køyrde med eitt dekk med mønster under det som er tillate for årstida.

To køyretøy fekk pålagt bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av gods. Éin bileigar vert rapportert til Skatteetaten fordi han trekte tilhengaren etter lastebilen sin utan å ha betalt årsavgift for trekking av tilhengar.

– Det er stort sett veldig bra med utrusting av dekk og dei fleste har med seg dei kjettingane dei skal no i vintersesongen. Det vart utført tekniske kontrollar, men det vart ikkje avdekka større tekniske manglar ved dei kontrollerte køyretøya, skriv Statens vegvesen i kontrollresultatet.

I tillegg vart det teke stikkprøvar på køyre- og kviletid og dei kontrollerte hadde alt i orden.

Artikkeltags