Regjeringa går for ei tredeling av stamvegen, og Klakegg er nøgd

DELT: Regjeringa vil satse både på Hardangervidda og Hemsedal.

DELT: Regjeringa vil satse både på Hardangervidda og Hemsedal. (Foto: )

SAMFERDSLE: Samarbeidspartia vel ikkje nokon stamveg for aust-vest, men skal oppruste alle tre alternativa.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Regjeringa går inn for ei funksjonsdeling mellom riksveg 52 over Hemsedalsfjell, riksveg 7 over Hardangervidda og E16.

Vegen over Hardangervidda skal brukast som hovudveg for persontrafikk. Hemsedal skal vere hovudveg for næringstransport, med vekt på å få trafikken vekk frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet. E16 skal vere det mest vintersikre alternativet.

Samarbeidspartia står bak

På pressekonferansen på Geilo opplyste også Trond Helleland at både Høgre, Frp, Venstre og KrF står bak vedtaket. Dermed er det også fleirtal når Stortinget skal behandle saka som ein del av Nasjonal Transportplan i løpet av våren.

NØGD: Medlem i interesseutvalet for Rv52 Hemsedal, Oddmund Klakegg er nøgd.

NØGD: Medlem i interesseutvalet for Rv52 Hemsedal, Oddmund Klakegg er nøgd. (Foto: )

– Og det var dette vi hadde håpt på. Vi registrert at Regjeringa har hatt utfordringar å einast i denne saka. Vi ha heile vegen argumentert for Hemsedal som næringsveg. I eit slikt bilde er eg svært godt nøgd fordi vi då får ein rask, effektiv og sikker transportkorridor til Austlandet, seier medlem i interessegruppa for Rv52 Hemsedal, Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

Stamveg aust - vest

Regjeringa har tidlegare sagt ja til at E134 over Haukeligrend skal vere ein av to stamvegtrasear mellom Aust- og Vestlandet. Den nordlege traseen skal gå anten over Rv 7, Hardangervidda, eller Rv 52, Hemsedalsfjellet.

Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen bad Statens vegvesen om å gjennomføre ei ny utgreiing før Regjeringa ville ta standpunkt. Og som i den første utgreiinga sa Statens vegvesen også då ja til Hemsedal-alternativet.

Sterke krefter i Bergen og Hardanger har jobba for Hardangervidda. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal  og Oppland har jobba tilsvarande aktivt for Hemsedal, eit alternativ som også har støtte i enkelte politiske miljø i Bergen og Hardanger.

Stortinget skal ta den endeleg avgjerda når Nasjonal Transportplan (NTP) skal behandlast i løpet av våren.

– Må halde trykket

– Men avgjerda er vel ei delt løysing der det skal brukast mykje pengar både på Hardangervidda og Hemsedal. Vil ikkje det påverke framdrifta og forseinke utbygging over Hemsedal?

– Uansett er dette eit stort løft, og det er ein stor jobb der vi må løfte for å få fram tunnelløysingar over Hemsedal. Samstundes er det klart at dette er ein veg som skal byggast over eit 30 års perspektiv, og med den verdiskaping og det nærinspotensialet som ligg på Vestlandet er eg overtydd om at vi skal makte å halde høgt trykk på å få rusta opp det som blir næringsvegen mellom aust og vest, seier Klakegg.

No startar jobben

Dermed er han også godt nøgd med avgjerda, ei avgjerd både han og svært mange andre venta på i ulideleg spenning. Samstundes er han klar på at jo startar den verkeleg krevjande jobben.

– No blir det spennande å sjå kva som skjer i etterkant, og det er no vår jobb eigentleg startar. No skal Regjeringa starte jobben med å konkretiser utbygging av næringsvegen mellom aust og vest. Då må vi vere aktive og gjer vårt for at strekninga kjem i posisjon og blir prioritert når midlane skal fordelast, seier Klakegg.

Har fronta kampen

Klakegg er ein av fem ordførarar i interesseutvalet for Rv 52 over Hemsedal. Alle har denne riksvegen gjennom sin kommune, og har fronta kampen inn mot sentrale styresmakter.

Blir stamvegen lagt over Hemsedal blir reisetida mellom Ålesund og Oslo redusert med to timar og 29 minutt. Det er også eit faktum at reisetida frå Florø til Oslo blir redusert med 1in time og ti minutt. Det fortel litt av ringverknadene for vår region viss Hemsedal-alternativet blir valt.

– Viss vi må om Bergen for å knyte oss til stamvegen til Oslo, kjem vi i skuggeland, sa Klakegg til Firda i september i fjor.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Artikkeltags