Her kan du stå i tre timar
Her i Båteviktunnelen på fylkesveg 57 skal det vere arbeid fram til 7. juli. Foto: Stig Roger Eide
Artikkelen er over 3 år gammel
GAULAR/FJALER: Utbetring av fylkesvegen.
Statens vegvesen melder på sine nettsider at i perioden 29. mai til 7. juli så må trafikantane på fylkesveg 57 rekne med å vente i inntil tre timar grunna vegarbeid. Arbeidet føregår i Båtevik-tunnelen på strekninga mellom Osen bru og Dale, og det skal mellom anna sprengast ein del.
Arbeidet vil skje mellom klokka 20.00 til 06.00 frå måndag til og med torsdag kvar veke. Det er samstundes lagt opp til at det skal vere kolonne på følgande tidspunkt: 21.00 til 21.30, 00.00 til 00.30 og klokka 03.00.
Ifølge Statens vegvesen sine heimesider så skal utrykkingskøyretøy kunne passere.
Kommentarer til denne saken