Riksveg 13 over Vikafjellet stengt

STENGT: Rv 13 over Vikafjellet er stengt måndag grunna snøras og fare for nye ras. Her ved Hestavollen, 892 moh like etter klokka 06.00 måndag morgon.

STENGT: Rv 13 over Vikafjellet er stengt måndag grunna snøras og fare for nye ras. Her ved Hestavollen, 892 moh like etter klokka 06.00 måndag morgon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt måndag på grunn av snøras og fare for snøras.

Vegen blei stengt søndag ettermiddag og kan først bli opna måndag ettermiddag.

Ifølgje Statens vegvesen blir det gjort ei ny vurdering om vegen kan opnast klokka 15.00 måndag.

Alle dei andre fjellovergangane er opne for trafikk.

Ifølge vegtrafikksentralen måndag morgon klokka 07.15, er det roleg på vegane og lite meldingar frå folk. 

Artikkeltags