Vegvesenet ber folk om å bruke vinterdekk over fjellet

SNØ: Bilde er frå Strynefjellet (Rv. 15 Grasdal aust) kl. 07.12 torsdag morgon.

SNØ: Bilde er frå Strynefjellet (Rv. 15 Grasdal aust) kl. 07.12 torsdag morgon. Foto:

Vêrskiftet har ført til endra køyreforhold i fjella.

DEL

– Det har lenge vore bart på fjellovergangane. I og med at det har vore fint vêr den siste tida, har dei fleste lagt om til sommardekk, men no er det vinter på vegane der oppe, seier Mariann Hove trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Ho fortel at det på fleire fjellovergangar i fylket er minusgrader og vekslande snø- og isdekke. Nokre stadar er det også lette snøbyer.

– Akkurat no er det vinterforhold på fjella. Oppfordringa vår er at dei som skal over fjellet nyttar vinterdekk.

Hove seier det ikkje er meldt om kraftig vind på fjella.

Status fjellovergangar:

  • Ev. 16 Filefjell: Vekslande snø- og isdekke, bart og vått. Klokka 05.25 var det minus ein grader, lett bris, lettskya og opphaldsvêr.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Bart. Klokka 05.05 var det null grader, stille og opphaldsvêr
  • Rv. 15 Billingen bom-Ospeli, på strekninga Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke og snøslaps. Kl. 05.30 var det minus tre grader, nordvestleg frisk bris og snøbyer
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Vekslande snø- og isdekke, bart og vått. Kl. 05.25 var det minus to grader, lett bris, lettskya og lette snøbyer
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Vekslande bart, snø- og isdekke. Kl. 05.40 var det minus to grader, laber bris og lette snøbyer
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Vekslande bart og vått, snø- og isdekke. Kl. 05.30 var det éin grad, laber bris, lettskya og opphaldsvêr

Artikkeltags