Tysdag hadde vegvesenet kontroll på Kjøs i Hornindal. Der blei ein sjåfør meld for brot på køyre- og kviletidsreglane. Tre andre sjåførar fekk åtvaring for mindre brot på det same.
Køyrde med knust rute
To bileigarar fekk skriftleg mangel for knuste frontruter. Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen var ein av dei som var med på kontrollen.
– Det var to førarar som hadde sprekkar i frontruta som gjekk tvers over heile ruta. Dei får begge ein frist på å ordne dette, seier Henjesand.
Utslitne dekk
Ein lastebileigar fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke i køyretøyet.
Ein annan lastebileigar køyrde med tre dekk der mønsteret var under lovleg minimum, han fekk 2.250 kroner i gebyr.
– Dei tre dekka hadde ei mønsterdjupn på 2,5 millimeter. Minstekravet er 5 millimeter, så desse var ganske utslitne, seier Henjesand.
Føraren vart send til næraste verkstad for å ordne opp.
Manglande bremser er det verste
– Kva er det mest graverande de finn på slike kontrollar?
– Totalt sett er det mangel på bremser, manglande sikring av last og brot på køyre- og kviletider. Har du ein sjåfør som ikkje har kvilt er han ei fare for seg sjølv og alle rundt. Om ei last ikkje er tilstrekkeleg sikra kan dette få fatale konsekvensar, og bremser må ein ha skal ein stoppe raskt nok, seier Henjesand.
Det er ikkje alle sjåførar som er klar over at dei køyrer med for dårlege bremser.
– Vi ser at det er ein del bremsekomponentar som heng fast no etter vinteren, og kanskje grunna litt dårleg vedlikehald. Nokre merker det ikkje fordi det skjer over tid. Eit stygt døme er eit køyretøy som blei stoppa i Førde for ei vekes tid sidan, der mangla det bremser på tre av seks hjul, seier Henjesand.
Mangla førarkort og vognkort
Natt til onsdag heldt vegvesenet fram med kontroll av tungtransport.
Her tok dei ein førar for å køyre med to utslitne dekk.
Ein førar mangla førarkortet og fekk gebyr for dette. Ein annan mangla vognkortet, og fekk også gebyr.
Alle som vart kontrollert for køyre- og kviletid hadde alt i orden.