Streik kan gi fly-krøll frå søndag

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Streik kan råke Widerøe på Flesland.

DEL

Avinor melder at førstkomande søndag kan flygingane mellom Bergen og Flora bli påverka av streik. Det skriv Firdaposten.

Det er fagforeininga Junit, som organiserer medlemmer i Widerøe Ground Handling og SAS Ground Handling, som vil bli tekne ut i streik dersom forhandlingane hjår Riksmeklaren ikkje fører fram på førstkomande laurdag.

Så langt er det varsla at bakketilsette som jobbar med innsjekk og ombordstiging for Widerøe i Bergen, Stavanger, Sola, Trondheim, Værnes og Bodø vil bli tekne ut i streik.

Korleis, og kor mykje dette vil påverke flytrafikken er førebels uklart, og Avinor viser til dei ulike selskapa for informasjon om eventuelle konsekvensar.

Artikkeltags