Køyrde lastebil utan gyldig førarkort

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Statens vegvesen har hatt kontroll på Nordfjordeid. Der kontrollerte dei både tunge og lette køyretøy.

DEL

Dei hadde 32 bilar inne på kontrollplassen, og tok ein nærare kontroll på 13 av desse. Ein sjåfør måtte fjerne fleire gjenstandar i frontvindauget før han fekk køyre vidare.

Eit anna køyretøy hadde manglar på brems og måtte på verkstad for reparasjon. Ein lastebil måtte også til verkstad for å reparere ein styrekule som hadde for stor slakk.

Ein sjåfør blei politimeld for å ikkje ha gyldig førarkort for lastebil.

Statens vegvesen kontrollerte også vekta på 15 køyretøy, men ingen av dei hadde overlast.

Artikkeltags