Buss vart stogga i kontroll – det vart dyrt for eigaren

Artikkelen er over 1 år gammel

Nordfjord: Under ein kontroll på Nordfjordeid torsdag, vart ein buss stogga. Bileigar vart bøtelagd for til saman på 15.000 kroner.

DEL

Bussen vart stogga av Statens vegvesen på fylkesveg 663 i Nordfjordeid. Den vart vege, og det viste seg at bussen var 2100 kilo for tung på drivaksel. Dette vart det gitt gebyr på 6950 kroner for. Bussen mangla også bombrikke, noko som gav 8000 kroner i gebyr.

Under kontrollen vart ein lastebilsjåfør politimeld for grove brot på køyre og kviletida. Han hadde i tillegg køyrt utan fartsskrivarkortet var sett i fartsskrivaren.

To sjåførar fekk gebyr for ikkje å ha med vognkortet under køyring.

Natt til torsdag var Statens vegvesen også ute på kontroll, denne gongen ved Kjøs. Ved denne kontrollen vart det skrive ut to mangellappar for tekniske manglar, i tillegg til at ein førar fekk gebyr for manglande vognkort.

Då dei torsdag kveld hadde ny kontroll på Kjøs fekk dei seg ei positiv overrasking.

– Alle førarane som vart kontrollert for køyre- og kviletid hadde allt i orden. Dette var ein svært oppløftande kontroll, skriv Ove Garlid i Statens vegvesen i rapporten etter kontrollen.

Artikkeltags