SAS innstiller alle flygingar laurdag – 34.000 passasjerar blir ramma

Av

SAS innstiller alle flygingar laurdag, noko som rammar 34.000 passasjerar, melder SVT.

DEL

Søndag er framleis uklar, seier den svenske pressesjefen Freja Annametz i SAS til SVT.

Om lag 1.500 pilotar i Noreg, Sverige og Danmark gjekk fredag ut i streik. Over 70.000 passasjerar vart ramma denne dagen.

Pilotane krev mellom anna høgare lønn og meir føreseieleg arbeidstid.

Nær 80.000 er ramma av streiken i SAS. Streiken fører til stor pågang hos andre selskap.

Norwegian flyr som vanleg, men set ikkje inn ekstra fly. Svært mange flygingar er utselde både i Noreg og til utlandet.

– Vi har veldig mange fulle fly. Det er klart at streiken påverkar salet hos oss, seier senior kommunikasjonsrådgivar Astrid Mannion-Gibson i Norwegian til Aftenposten.

Nor-Way Bussekspress har auka kapasiteten mellom anna til og frå Stavanger som følgje av streiken.

– Vi gjorde ein analyse før vi gjekk heim i går kveld. Då merka vi ein viss auke og vi har derfor ekstra beredskap på strekningar vi veit det kan sprekke på, seier Merethe Olsen, administrerande direktør i Nor-Way Bussekspress til Stavanger Aftenblad.

Dei hadde fredag formiddag framleis ledig kapasitet, og det står ekstrabussar klare dersom behovet melder seg.

Widerøe går

Widerøes fly går som normalt, og informasjonssjef Catharina Solli tilrår Torp som eit alternativ til Oslo lufthamn for flygingar til eller frå Stavanger, Bergen eller Trondheim.

– Mange er framleis av den oppfatninga at Widerøe er delvis eigd av SAS og at alle Widerøes reiser kan bestillast via sas.no. Diverre er det mange av våre flygingar som ikkje kjem opp som reisealternativ når ein søker via SAS og derfor rår vi reisande til å bestille billettane sine i andre kanalar, seier Solli.

Artikkeltags