I førre veke stranda hovudforhandlingane mellom flyteknikarane og NHO Luftfart. Faren for streik er stor. Det kan gå mot kaos i fellesferien.
Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) braut hovudforhandlinganAstrid e med NHO Luftfart 8. juni fordi dei meinte NHO ikkje ville imøtekomme flyteknikarane på nokon av punkta som var viktige for dei, blant anna helse og nattarbeid.
Medlemmene i NFO kjem frå både Norwegian, SAS og Widerøe, og det er varsla plassoppseiing for 430 av dei rundt 500 medlemmene i tariffområdet.
Meklinga er sett til 26. juni, ein eventuell streik vil difor ramme sommarferieutfarten.
Tysdag denne veke vart det i tillegg forhandlingsbrot mellom LO Stat og Spekter for medlemmer i Norsk Tjenestemannslag (NTL) i Avinor og Avinor Flysikring. Her er dato for meklinga enno ikkje sett.
Ein eventuell streik blant desse medlemmene vil ramme Avinors tårnteneste på flyplassane, flygekontrolltenesta for trafikken i norsk luftrom og teknisk infrastruktur for flynavigasjon.
Dermed kan det i verste fall bli to streikar på same tidspunkt innan luftfarten i sommarferien.

Frå 22. mai bør du sitte på med ein ven til flyplassen