Sjølv med to bussjåførar greidde den russiske turbussen å bryte køyre- og kviletida. Dei hadde for få timar døgnkvile, og køyrt bussen i fleire timar utan fartsskrivar.

Då vegvesenet prøvde å stogge dei for kontroll i Lærdal, køyrde dei berre vidare. Seinare blei dei stogga og sendt tilbake til kontrollørane i Statens vegvesen på Håbakken.

Turistane i bussen fekk lide mest. Dei fekk ikkje oppleve dei var komne for, skriv Statens vegvesen i ei melding. Dei håpar også at busselskap som driv på ein slik måte blir utestengd frå turbusstrafikken.