Dei ville ta opp kampen mot Widerøe – no legg selskapet ned

LEGG NED: FLyViking ville ta opp kampen med Widerøe, og å fly frå Florø var også eit ønskje frå deira side. Fredag melde selskapet at dei legg ned drifta.

LEGG NED: FLyViking ville ta opp kampen med Widerøe, og å fly frå Florø var også eit ønskje frå deira side. Fredag melde selskapet at dei legg ned drifta. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: – Vi klarer ikkje å få lønsam drift, seier dagleg leiar i selskapet Heine Richardsen i FlyViking.

DEL

Uttalen kjem til Nord24/Nordlys, etter at selskapet sjølv meldte i ei pressemelding at dei legg ned.

Flyselskapet har vore i drift i snaue ni månader, og Richardsen fortel at dei ikkje har hatt nok passasjerar, og heller ikkje har klart å komme seg opp på passasjernivået dei ønskjer.

Ville fly frå Florø

Selskapet, som ville ta opp kampen mot Widerøe – og som også ville sette opp ruter frå Florø – meldte først om avviklinga i ei pressemelding sendt ut fredag ettermiddag.

– Hovudårsaka til at vi har teke denne avgjerda, er at det ikkje er økonomisk forsvarleg å drive vidare med det materiellet vi har i dag, seier styreleiar Ola Olsen.

Det blir vidare understreka at selskapet har ambisjonar om at ingen kundar eller leverandørar skal bli skadelidande av nedlegginga.

Store tekniske problem

Dagleg leiar Richardsen avviser at selskapet er konkurs, og kallar det ei styrt avvikling.

I tillegg til svikten i passasjertala vart større tekniske utfordringar utslagsgivande for at dei la ned drifta.

– Vi har hatt større tekniske utfordringar med dei tre første Dash 8–100 maskinene enn forventa. Dette har ført til mange kanselleringar og tap av kundar. Den fjerde maskina var planlagt å bli sett i drift i november, men ein vital funksjon mangla på flyet, seier Heine Richardsen i pressemeldinga.

Artikkeltags