Fjord1 kjempar om hydrogenferje

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, sjefen for Statens vegvesen har store voner til den nye ferja som Fjord1 er med å kjempar om å få byggje.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, sjefen for Statens vegvesen har store voner til den nye ferja som Fjord1 er med å kjempar om å få byggje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Fjord1 er vidare i kampen om å vere med i konkurransen om å utvikle og drifte verdas første ferje driven av hydrogen-elektrisitet.

DEL

Reiarlaga Fjord1, Norled og Boreal er kvalifiserte av Statens vegvesen til å vere med vidare i konkurransen om å utvikle og drifte verdas første hydrogen-elektriske ferje.

Med denne utviklingskontrakten syt Statens vegvesen for eit stort skritt i det grøne skiftet i den maritime sektoren, hevdar dei sjølve i ei pressemelding.

Tre solide aktørar

– Vi ønsker å ha dialog med Norled, Fjord1 og Boreal i det vidare arbeidet med utviklinga. Alle tre er solide aktørar når det gjeld utviklingsløpet og drifta av ferjesambandet framover, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.

Utviklingsferja skal i ti år vere ein del av drifta av sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skiparvik på rv13 i Rogaland med hydrogen-elektrisk drift. Den nye ferja vil redusere CO₂-utsleppa frå sambandet med over 4.000 tonn i året i høve til i dag.

Verdas første

I dag er det ingen samanliknbare hydrogendrivne fartøy i drift. Det er eit krav at den hydrogendrivne ferja også skal kunne drivast heilelektrisk med lading frå kaia, slik at rutetilbodet vert sikkert sjølv om det vert problem med hydrogendrifta.

– Ambisjonen for prosjektet er å få nullutsleppsteknologien eit langt steg vidare. Det vil krevje eit stort utviklingsarbeid for å bunkre og drifte eit fartøy med hydrogen. Overføringsverdien til andre delar av sjøfarten er stor, seier Gustavsen.

I verdstoppen

Med bruk av hydrogen vert utsleppet frå ferja berre vatn (H2O) – og ein unngår CO₂-utslepp og lokal forureining som dieselmotorar står for. Målet med prosjektet er å skrive kontrakt med eit reiarlag som saman med leverandørindustrien vil utvikle maritim hydrogenbasert nullutsleppsteknologi.

– Prosjektet gir Norge og Sør-Vestlandet unike moglegheiter. Vi er alt verdas leiande på miljøvennleg maritim industri. Aktørane i dette prosjektet bør ha eit godt utgangspunkt når dei neste hydrogenprosjekta vert lansert kring om i verda. Det er stor internasjonal interesse for prosjektet som vil knyte saman mykje av det siste innan innovativ klimavennleg framtidsretta teknologi, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Artikkeltags