Neste veke blir det lange stengingar

Kvernhaugtunnelen på fv.55 mellom Høyanger og Vadheim.

Kvernhaugtunnelen på fv.55 mellom Høyanger og Vadheim. Foto:

Høyanger: Kvernhaugtunnelen skal sikrast, og om natta blir tunnelen heilt stengt.

DEL

Minusgradene dei to siste vekene har ført til at det planlagde sikringsarbeidet vart utsett.

Men i neste veke gjer dei eit nytt forsøk. Då blir Kvernhaugtunnelen mellom Høyanger og Vadheim på fv. 55 stengd i lange periodar frå klokka 20.00 kvar kveld.

Arbeidet skal starte måndag 20. februar.

Skal dekkast med betong

– Tunnelveggane skal dekkast med betong, eit arbeid som krev lang tørketid. Vi kan difor ikkje ha trafikk gjennom tunnelen i dei timane, med unntak av reine utrykkingsoppdrag. På dagtid vert det fri ferdsel gjennom tunnelen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Opningstidene om kveldane vil vere tilpassa bussrutene, og at det i tillegg er lagt inn to ekstra gjennomkøyringar.

Det blir mogleg å køyre gjennom på fire tidspunkt mellom klokka 20.00 og midnatt.

Frå Høyangersida:

20:30
22:10
22:40
00:00

Frå Vadheimsida:

20:20
21:30

22.30
23:45

Frå midnatt og fram til klokka halv seks om morgonen blir det ikkje mogleg å køyre gjennom tunnelen i det heile tatt.

På dagtid og i helgane blir det fri ferdsel i tunnelen.

Ei eller fleire veker

Statens vegvesen planlegg ei veke med nattarbeid i første omgang, men treng til saman tre veker på å fullføre arbeidet i tunnelen.

Om desse tre vekene blir tekne samanhengande eller om dei blir oppdelte er avhengig av vêret.

– Vi kan ikkje ha for mange minusgrader under betongarbeidet, opplyser Statens vegvesen.

Om dei vil halde fram arbeidet utover neste veke vil dei komme tilbake til når dei har sett vêrprognosane for veka etter.

Artikkeltags