Fekk bruksforbod for kosebamsar i frontruta

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Sjåføren hadde kosebamsar og eit skilt i frontruta, det likte vegvesenet dårleg.

DEL

Ein yrkessjåfør fekk bruksforbod under ein kontroll søndag kveld på Kjøs i Hornindal. Det melder Statens vegvesen.

Årsaka var at han hadde «sikthindrande ting i frontruta», som ifølge Over Garlid i Statens vegvesen var eit skilt og nokre bamsar.

Totalt blei det kontrollert 16 køyretøy under kontrollen.

Tre av køyretøya hadde skriftlege manglar og ein sjåfør blei rapportert skriftleg.

Tre andre sjåførar fekk gebyr. Ein av dei for manglande vognkort og to for utslitne dekk.

Ein annan sjåfør fekk bruksforbod grunna lengde på køyretøyet.

Artikkeltags