Sjåførar måtte rydde frontruta si før dei fekk køyre vidare

DEL

Under Statens vegvesen sin kontroll av tunge køyretøy ved Kjøs i Hornindal tysdag kveld, måtte fleire sjåførar ta grep.

To førarar måtte rydde  frontruta si før dei fekk køyre vidare, medan ein anna sjåfør fekk mangellapp på køyretøyet sitt grunna tekniske manglar.

Statens vegvesen melde ein annan sjåfør for brot på regelverket om køyre- og kviletida, medan ein annan førar måtte kalibrere fartsskrivaren.

Totalt var 56 køyretøy inne på kontrollplassen, der ti av dei blei kontrollerte, melder Vegvesenet i ei pressemelding.                        

Artikkeltags