Vil fjerne trafikklys på E39

SKAL VEKK: Statens vegvesen vil fjerne signalanlegget og fotgjengarfeltet ved denne busstoppen i Halbrendslia når E39 får ein undergang litt lenger nede. (Arkiv)

SKAL VEKK: Statens vegvesen vil fjerne signalanlegget og fotgjengarfeltet ved denne busstoppen i Halbrendslia når E39 får ein undergang litt lenger nede. (Arkiv) Foto:

FØRDE: Statens vegvesen melder i eit høyringsbrev til Førde kommune at dei ønsker å ta ned signalanlegget på E39 ved Rikets sal i Halbrendslia.

DEL

Bakgrunnen er at Førdepakken skal bygge gang- og sykkelveg frå lengst oppe i Liavegen ned til Skjæret/Halbrendslia. Vegvesenet vil ta ned det eksisterande signalanlegget og gangfeltet ved busstoppen.

Reguleringsplanen for området legg opp til at det skal byggast undergang under E39 lenger nede, og undergangen vil erstatte dagens plankryssing med lysregulering, skriv vegvesenet.

Vegdirektoratet er vedtaksmynde for alle signalanlegg. Men før dei kan fatte vedtak, må det ligge føre uttale frå kommunen og politiet. Dei har fått frist til 6. april med å uttale seg.

Artikkeltags