Utanlandske sjåførar får melding med heim

Ein utanlandsk turistbuss fekk ikkje køyre vidare før sjåføren hadde rydda vekk plakatar i frontruta.

DEL

Det går fram av ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Kontrollen vart gjennomført torsdag, på E39 ved Sanderplassen i Førde der biltilsynet har ein stasjon.

Alle passasjerane brukte bilbelte

149 køyretøy var innom kontrollplassen og 13 av dei var i ein slik tilstand at dei vart grundigare kontrollerte.

– Fem av dei 13 var utanlandske turistbussar, totalt var det mange flinke førarar i dag, og det var særs bra at alle brukte belte, skriv inspektør Svein Ove Salt i vegvesenet.

Måtte rydde frontruta

To av førarane av dei utanlandske turistbussane vert melde til politiet for brot på køyre- og kviletid, og Statens vegvesen vil også sende ei melding til heimlandet – med oppmoding om at styremaktene der følgjer opp.

Éin av førarane fekk i tillegg bruksforbod til han hadde rydda frontruta for plakatar, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags