Fly-kanselleringar også fredag

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tidlegare denne månaden gjekk Widerøe ut og sa at dei ville måtte kansellere om lag 100 flygingar i løpet av juli. Årsaka er mannskapsmangel.

Det er også grunnen som vert oppgjeven for at tre avgangar frå Florø Lufthamn er innstilte fredag, skriv Firdaposten.

Den første var Bergens-flyet som skulle ha gått klokka 08.55 i dag tidleg, men heller ikkje avgangen klokka 11.35 til vestlandshovudstaden kjem til å lette.

Det siste flyet som er innstilt, er 16.45-avgangen til Oslo.

Florø Flyservice opplyser at alle passasjerar som skulle vore med desse flightane er blitt booka om til andre flygingar.

Ifølge Avinor sine nettsider går avgangane i Førde og på Sandane som normalt.

Artikkeltags