Widerøe trugar med å legge ned 37 ruter – Florø er blant dei som kan få kutt

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane Foto:

Flyselskapet trugar med å legge ned nær 40 innanriksruter, dersom regjeringa innfører en fellesmoms på 23 eller 25 prosent.

DEL

Det melder Nationen.

Dette kjem fram frå eit høyringssvar til Finansdepartementet.

Blant dei 37 rutene finn ein både rutene til Bergen og Oslo i frå Florø. Førde-ruter er ikkje på denne lista.

Finansdepartementet har tidlegare varsla at dei vil ha éin fast felles moms på 23 eller 25 prosent. Dette vil gi høgre avgifter på blant anna persontransport, overnatting og mat.

Det fell ikkje i god jord hos Widerøe.

– Auka moms frå dagens 12 prosent til det dobbelte kan bety
over 100 millionar i tapte inntekter. Årsaka er at vi mistar passasjerar, seier direktør for strategi og infrastruktur i Widerøe, Terje Skram, til Nationen.

Selskapet argumenterer at dei allereie har svekka lønnsemd på fleire av deira ruter grunna både flyseteavgift og CO₂-avgift. Dei ser at dette har råka mange av rutene som er viktige for distrikta, gjennom høgre prisar og redusert tilbod.

Deira ønskje er at ein ser til Sverige og Danmark, der ein har 6 prosent moms og nullmoms på persontransport.

Høyringsfristen for forslaget frå Finansdepartementet om momsavgift går ut 29. august.

Artikkeltags