Seks ville bygge tunnel her – no er anbodsvinnaren klar

HER KJEM TUNNEL: Oversiktsbilete over strekninga som skal rassikrast med tunnel.  ein ser tydeleg rasoverbygga på dagens veg.

HER KJEM TUNNEL: Oversiktsbilete over strekninga som skal rassikrast med tunnel. ein ser tydeleg rasoverbygga på dagens veg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSEL: Lemmikainen hadde det lågaste anbodet for tunnel på fv. 633 ved Honningsvågen.

DEL

Seks entreprenørar leverte inn tilbod på fv. 633 Tunnel Kleiva, ved Honningsvågen på Stadlandet.

Lemmikainen sit tilbod på vel 62 millionar kronar var det billegaste tilbodet.

– Vi er nøgde med talet tilbod vi fekk inn, og no skal tilboda kontrollreknast og dokumentasjon sjekkast. Vi har tru på oppstart i slutten av september, og det er mogleg at tunneldrivinga kan starte i oktober, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen i ei pressemelding.

570 meter

Kontrakten omfattar bygging av 570 meter tunnel med 5,5 meters breidde og ei møtenisje på 8,5 meters breidde.

Det skal byggast 300 meter veg i dagen, 26 meter portal, teknisk bygg for tunnel og gammalt rasoverbygg på eksisterande veg skal rivast.

Tunnelen går forbi den mest skredutsette strekninga mellom Halsen og Gatteneset, på veg til Honningsvågen. Det er også regulert eit massedeponi ved Teigane for bruk og plassering av overskot av massar.

Stad har eit særleg verdifullt landskap, både regionalt og nasjonalt. Aust for Kleiva er det naturtypar av stor verdi. Tiltaka i reguleringsplanen er difor konsekvensutgreidde, i tråd med vedteken planprogram.

Det er strenge krav til korleis anlegget skal utførast, for sikre minst mogleg synlege naturinngrep etter at veg og tunnel er ferdig, melder Vegvesenet i pressemeldinga.

Tilbodslista

Lemminkäinen Norge AS, Oslo                       61.979.790,86 kr
Flage Maskin AS, Voss                                   65.804.311,39 kr
Kruse Smith Entreprenør AS, Stavanger       68.572.487,00 kr
Aldesa Construcciones SA, Spania                76.679.705,99 kr
Strabag AG, Austerrike                                 83.614.657,07 kr
Leonhard Nilsen & Sønner AS, Risøyhamn    85.933.837,72 kr

Artikkeltags