Florø lufthamn har mista 60.000 passasjerar på tre år

Siv Merete Stadheim Avinor Florø lufthamn

Siv Merete Stadheim Avinor Florø lufthamn Foto:

Av

FLORA: I 2013 hadde flyplassen rekordmange passasjerar, då heile 206.713 passasjerar reiste til og frå Florø. I fjor var rundt 60.000 av desse passasjerane borte.

DEL

Og oljesmellen i Norge kan ikkje forklare heile nedgangen, langt ifrå, skriv Firdaposten.

Trekk ein ifrå offshorepassasjerane har lufthamna likevel tapt 46.000 passasjerar, ein nedgang frå 150.317 i 2013 til 104.691 i 2016.

– Ja, det stemmer at vi har tapt rundt 60.000 passasjerar, stadfestar lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

Har kutta stillingar

– Korleis har dette påverka drifta av flyplassen?

Det har blitt reduksjon i bemanninga, reduserte opningstider, og lågare omsetning i kaféen. Det er mindre tid på døgnet vi har aktivitet.

Færre offshorepassasjerar påverkar også verdiskapinga lokalt i Florø. Dette er passasjerar som gjerne kjem flygande med rutefly, handlar i kaféen, overnattar på hotell, og legg igjen pengar hos ulike lokale bedrifter, før dei reiser vidare med offshorehelikopter.

Stadheim fortel at Avinor sjølv har kutta to stillingar etter passasjernedgangen, i tillegg til å la vere å leige inn vikarar. I tillegg kjem kutt hos Securitas og Florø flyservice.

– Vi var 17 fast tilsette, no er vi 15. Dette er direkte på grunn av det reduserte trafikkbildet, seier ho.

– Ligg 20 prosent under

Det er no færre fly inn til Florø, færre passasjerar og eit redusert tilbod.

– Tilbodet er redusert med rundt 20 prosent frå før kommersialiseringa, det er eit tal som er gjennomgåande. Rutetilbodet er 20 prosent lågare, det er 20 prosent færre flygingar, og 20 prosent færre passasjerar, seier Stadheim.

– Etter kommersialiseringa var vi veldig bekymra. Vi såg at passasjertala vart veldig redusert. Vi håpa jo heile vegen at 2016 skulle vere botnnoteringa, og at det skulle flate ut eller auke i år.

Hei!

Snart er det Stortingsval.

Kva vil du utfordre politikarane på?

Kva kan dei gjere for deg?



I mai kom det endeleg ein auke i passasjertala att, målt opp imot mai 2016. I fjor var det ein 21 prosents reduksjon, i mai i år ein auke på 15,8 prosent.

– Det er sjølvsagt positivt at det kjem ein liten stigning. I fjor var det ein kraftig nedgang, og no aukar det litt. Men samanliknar ein med for to år sidan, så er det ikkje nokon vekst. Ein har heller snudd nedgangskurva litt, seier Stadheim.

Positivt i mai

At det kom positive tal i mai er det fleire årsaker til, seier Stadheim.

– 1. mai tok Bristow over offshoreflygingane, og det er ein auke i offshorepassasjerar etter det. Det er positivt. Så har Widerøe etter dialog med lokalt næringsliv tilpassa ruteprogrammet sitt, også dette med verknad frå 1. mai. Så auken er eit signal om at det nye programmet treff betre enn før.

I tillegg kjem andre effektar, som at Widerøe har hatt ein stor reklamekampanje med lågprisbillettar, og at næringsaktiviteten i området har vore høgare.

– Aktiviteten rundt oss skapar aktivitet på flyplassen, slår Stadheim fast.

Det vart hevda at ei kommersialisering av Florø lufthamn skulle skape betre rutetilbod og lokke fleire aktørar hit. Lufthamnsjefen har framleis ikkje høyrd frå andre selskap som vil fly i Florø.

– Nei, det er ingen flyselskap som har kontakta meg, seier ho.

Tala er samanstilt av Firdaposten, basert på Avinor sine månads- og årsstatistikkar:

  Mai 2017 Mai 2016 Mai 2015 Mai 2014 Mai 2013 Mai 2012 Mai 2011
Passasjerar 9061 8277 10.523 12.296 12.251 12.558 10.637
Inkl. offshore 13.151 11.352 14.380 17.749 17.110 16.923 14.271
Passasjerar så langt det året (jan.-mai), ink. offshore: 53.619 62.201 75.209 85.331 82.721 72.832 66.727
Operatør

Widerøe

(kommersiell drift)

Widerøe

(kommersiell drift)

Widerøe (FOT) + Airwing (komm.ruter)

Widerøe (FOT)

+ Airwing (komm. ruter)

Widerøe (FOT)

+ DAT og Airwing (komm. ruter)

DAT (FOT-ruter) fram til 1. april.

Deretter Widerøe (FOT) + DAT (komm.ruter)

DAT

(FOT-

ruter)

Totalt, Florø lufthamn: 2016 2015 2014 2013 2012 2011
Passasjerar 104.691 127.599 145.739 150.317 140.877 121.970
Tot., inkludert offshore 146.437 176.795 205.830 206.713 187.148 166.277

Artikkeltags