Ingen streik på flyplassane

Bringeland lufthamn var blant dei som ville vore streikeutsette. No går trafikken som normalt.

Bringeland lufthamn var blant dei som ville vore streikeutsette. No går trafikken som normalt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er semje i meklinga for dei flyplasstilsette. Dermed blir det ikkje streik eller stengde flyplassar fredag.

DEL

Partane mekla på overtid natt til måndag, men vart samde ein dryg time etter fristen. Dersom meklinga ikkje hadde ført fram, ville 310 tilsette i Avinor og Avinor Flysikring blitt tatt ut i streik fredag formiddag.

Det var også fare for at ni flyplassar ville bli stengde. Førde og Bergen var blant dei.

LO stat og YS Spektor har forhandla på vegner av dei tilsette. Forhandlingsleiar Lise Olsen i LO Stat er storfornøyd med det ho kallar ein «full siger» i Avinor-meklinga.

– Vi har fått fullt gjennomslag i meklinga. Vi er nøgde med å komme i hamn med ein god avtale for våre medlemmer. Det er avgjerande for oss at vi kom til semje om pensjonar framover, der streikeretten står fast, seier Olsen.

Pensjon har vore kjernen i forhandlingane, der Spekter sat på andre sida av bordet.

– Vi er først og fremst nøgde med at vi har fått gjennomslag for full forhandlingsrett i heile Avinor, slik at arbeidsgjevar åleine ikkje kan bestemme eller innføre nye pensjonsordningar, seier leiar i YS Spekter, Lizzie Ruud Thorkildsen, til NTB.

Artikkeltags