Saknar avklaring rundt fritidsreiser i Noreg

Av

Virke reagerer på at regjeringa oppmodar til å reise i eige land samtidig som dei rår folk til å unngå unødvendige fritidsreiser. Dei saknar ei avklaring.

DEL

– Denne dobbeltkommunikasjonen gjer det vanskeleg for verksemdene å planleggje for sommaren. Vi reagerer på at styresmaktene er utydelege og ikkje kan gi reiselivet betre føreseielegheit, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke i ein e-post til NTB.

Dei ønskjer tydelege reiseråd frå styresmaktene.

– Situasjonen er kritisk for reiselivsnæringa, dei treng å få vite kor mykje drift det kan planleggjast for.

Artikkeltags